PRESSEMELDING:

Vangsgutane 2016 - julehefte i 75 år.

Nils Nordberg har også i år skrive ei spanande forteljing i 75-års utgåva av Vangsgutane. Klassikarane i år er henta frå hefte 10- 1952. Den redaksjonelle artikkelen er skriven av Ottar Grepstad.

Det fyrste julehefte om Vangsgutane kom i 1941. Året før starta serien i Nynorsk Vekeblad. Det var forfattar Leif Halse og teiknar Jens R. Nilssen som stod for serien, som vart ein suksess frå fyrste stund. I dei siste ti-åra har ymse forfattar og teiknarar stått for serien. I år, som i fjor, er det Nils Nordberg som skriv og Ivar Andreassen som teiknar. Som ein kan venta når Nils Nordberg skriv, er Vangsgutane ute for dramatiske hendingar og hardbarka kjeltringar. Mor deira, Sigrid Vangen vert sjuk og må ha penicillin. Uver hindrar rutebåten å nå fram med medisinen, så Vangsgutane lyt ta seg fram på landevegen i uveret. Der råkar dei på to kriminelle karar som vil kidnappa sonedotra til storbonden Halstein Breiset. Slikt vert det spaning og dramatikk av.

Ein klassikar frå 1952 er også med, skriven av Leif Halse og teikna av Jens R. Nilssen. Det er tømmerhogst i Breisetskogen og ei nyvinning, ein traktor, kjem til hjelp. Sidan veret det tømmerfløyting nedover elva, ikkje utan dramatikk.

Ingeniør Knut Berg 2016.
Forlaget vil gje ut alle ingeniør Knut Berg-hefta i opptrykk.
No står nr 4 - 1946 for tur.

Heftet er opptrykk av hefte nummer 4 frå 1946, med tekst av Vigleik Vikli (Hallvard Sandnes) og teikning av Ronald Stone (Jostein Øvrelid). Knut Berg, prinsesse Aima og munken Tala helt fram ferda gjennom jungel, sletter og fjell på jakt etter Den blåe diamanten og mot landet Kalimanko. Dei møter mange fårer og hindringar. Til sist hamnar dei på ei sydhavsøy, tekne til fangar av ein vill, lokal stamme. Medisinmannen vil ha dei i grytene sine.

 
 
 
Vangsgutane mellom stive permar - Vangsgutane er eit storverk i norsk populærlitteratur skriv Nils Nordberg i føreordet til boka.
 
Den fjerde boka med teikneserien om Vangsgutane, fortald av Leif Halse og teikna av Jens R. Nilssen, er no komen.
Sjå omtale på høgre side.
 
Vangsgutane - ein kort historikk:
 
Vangsgutane såg dagens lys i Nynorsk Vekeblad nr.17 den 5.oktober 1940. Året etter kom første juleheftet med opptrykk av seriane frå Vekebladet.
 
Ny forteljar:

NILS NORDBERG
 
Ny teiknar:

IVAN ANDREASSEN

Julehefta 2016

 
Vangsgutane 2016 - 75 års jubileum

I 1941 kom det fyrste juleheftet med Vangsgutane. Det vart ein suksess. Sidan har Vangsgutane vore fast julegjest i heimar over heile landet. Lærarar og forfattar Leif Halse skreiv og den legendariske Jens R. Nilssen teikna. Det rotekte i serien var nok ein av grunnane til suksessen. Folk, både eldre og yngre, kjende seg att i serien og Jens R. sine humoristiske teikningar gav serien liv. I år, i sin 75 årgang, kjem Vangsgutane og Larris like livsfriske som før.

Nils Nordberg, kjend NRK-mann og krimekspert, har skrive forteljinga, og Ivan Andreassen har teikna. Vangsgutane lyt ut på ei fårefull ferd i storm og uver for å henta penicilin til mora som er sjuk. Det er ikkje berre uveret som hindrar oppdraget deira. Skumle menn med skytevåpen legg også stengsler for dei.

.
Last ned framsida. (0,5 Mb - pdf)
Ingeniør Knut Berg 2016
 
Ingeniør Knut Berg 2016 er opptrykk av nummer 4, 1946, med fem sider frå 1945-heftet. Knut Berg, prinsesse Aima og munken Tala er på veg gjennom urskog, fjell, øyde stepper og over hav mot landet Kalimanko. I helene på dei er kjeltringane Toron og dr. Panga; begge på jakt etter den blå diamanten. 

Dei møter mange farar dei lyt kjempe seg gjennom. Dei hamnar til sist om bord på eit skip i rute til Yokohama. Skipet forliser og dei bergar seg i land på ei øy. Der møter dei innfødde, som ikkje tek venleg imot dei.
 
Last ned framsida. (4,4 Mb - pdf)
Sjå også meir info om bøker.
 
VANGSGUTANE I BOKFORM, BAND 4 
Årgangane 1949 - 1953

Denne boka er fjerde bind i ein serie som skal innehalde teikneseriane frå dei 16 julehefta med Vangsgutane som Jens R. Nilssen teikna frå 1941 til 1957. Perioden vert kalla Gullalderen i den norske teikneseriekunsten. Dei fleste store klassikarane blant dei norske seriane vart skapt i denne tida. Forordet til bind fire er skrive av Knut Eide.

Leif Halse (1896 - 1984) var utdanna lærar og arbeidde dei fyrste åra i heimbygda Todalen på Nordmøre før han flytte til Hommelvik i Trøndelag. Attåt læraryrket var han forfattar. Han skreiv mange bøker; barnebøker, romanar, noveller og bygdebøker.

Jens R. Nilssen (1880 - 1964)var fødd på Valberg i Lofoten. Han utdanna seg til biletkunstnar i Oslo og København. Han var ein mykje nytta kunstnar og teikna for fleire humorblad og aviser. Han teikna %F2g teikneseriane Haukepatruljen, Smørbukk, Tuss og Troll og Vangsgutane. Han er rekna som ein realistisk teiknar med innslag av karikaturar der det høvde.

Last ned framsida. (2,2 Mb - pdf)
 
Manglar du nokre av desse bøkene ?


 

Bøkene får du i bokhandelen eller kan kjøpast direkte frå Fonna Forlag.
Fonna Forlag, Postboks 6912 - St. Olavs plass, 0130 Oslo

Kr 286,- pr. stk. (Porto i tillegg)

 
 
VANGSGUTANE OG LARRIS PÅ FRIMERKE
Larris og Vangsgutane er no kome på frimerke. Frimerket er såkalla personleg/ firmafrimerke og kan ikkje kjøpast på postkontora. Frimerke er teikna av Knut Westad og illustrasjonen på førstedagskonvolutten av Ivan Andreassen, begge kjende teiknarar av Vangsgutane og ingeniør Knut Berg. Frimerket og førstedagsbrev kan tingast hjå Fonna Forlag. Førstedagsstempla konvolutt  Kr. 110,- (små feil i stempeltrykk)
 
Overskotet går til Halse-samlinga i Todalen.
 
Fonna Forlag - e-post www.dform.no