PRESSEMELDING:

Vangsgutane 2016 - julehefte i 75 år.

Nils Nordberg har også i år skrive ei spanande forteljing i 75-års utgåva av Vangsgutane. Klassikarane i år er henta frå hefte 10- 1952. Den redaksjonelle artikkelen er skriven av Ottar Grepstad.

Det fyrste julehefte om Vangsgutane kom i 1941. Året før starta serien i Nynorsk Vekeblad. Det var forfattar Leif Halse og teiknar Jens R. Nilssen som stod for serien, som vart ein suksess frå fyrste stund. I dei siste ti-åra har ymse forfattar og teiknarar stått for serien. I år, som i fjor, er det Nils Nordberg som skriv og Ivar Andreassen som teiknar. Som ein kan venta når Nils Nordberg skriv, er Vangsgutane ute for dramatiske hendingar og hardbarka kjeltringar. Mor deira, Sigrid Vangen vert sjuk og må ha penicillin. Uver hindrar rutebåten å nå fram med medisinen, så Vangsgutane lyt ta seg fram på landevegen i uveret. Der råkar dei på to kriminelle karar som vil kidnappa sonedotra til storbonden Halstein Breiset. Slikt vert det spaning og dramatikk av.

Ein klassikar frå 1952 er også med, skriven av Leif Halse og teikna av Jens R. Nilssen. Det er tømmerhogst i Breisetskogen og ei nyvinning, ein traktor, kjem til hjelp. Sidan veret det tømmerfløyting nedover elva, ikkje utan dramatikk.

Ingeniør Knut Berg 2016.
Forlaget vil gje ut alle ingeniør Knut Berg-hefta i opptrykk.
No står nr 4 - 1946 for tur.

Heftet er opptrykk av hefte nummer 4 frå 1946, med tekst av Vigleik Vikli (Hallvard Sandnes) og teikning av Ronald Stone (Jostein Øvrelid). Knut Berg, prinsesse Aima og munken Tala helt fram ferda gjennom jungel, sletter og fjell på jakt etter Den blåe diamanten og mot landet Kalimanko. Dei møter mange fårer og hindringar. Til sist hamnar dei på ei sydhavsøy, tekne til fangar av ein vill, lokal stamme. Medisinmannen vil ha dei i grytene sine.

 
 
 
Vangsgutane mellom stive permar - Vangsgutane er eit storverk i norsk populærlitteratur skriv Nils Nordberg i føreordet til boka.
 
Den fjerde boka med teikneserien om Vangsgutane, fortald av Leif Halse og teikna av Jens R. Nilssen, er no komen.
Sjå omtale på høgre side.
 
Vangsgutane - ein kort historikk:
 
Vangsgutane såg dagens lys i Nynorsk Vekeblad nr.17 den 5.oktober 1940. Året etter kom første juleheftet med opptrykk av seriane frå Vekebladet.
 
Ny forteljar:

NILS NORDBERG
 
Ny teiknar:

IVAN ANDREASSEN
Brukar:
Passord:  
Fonna Forlag - e-post www.dform.no