PRESSEMELDING:

Vangsgutane 2016 - julehefte i 75 år.

Nils Nordberg har også i år skrive ei spanande forteljing i 75-års utgåva av Vangsgutane. Klassikarane i år er henta frå hefte 10- 1952. Den redaksjonelle artikkelen er skriven av Ottar Grepstad.

Det fyrste julehefte om Vangsgutane kom i 1941. Året før starta serien i Nynorsk Vekeblad. Det var forfattar Leif Halse og teiknar Jens R. Nilssen som stod for serien, som vart ein suksess frå fyrste stund. I dei siste ti-åra har ymse forfattar og teiknarar stått for serien. I år, som i fjor, er det Nils Nordberg som skriv og Ivar Andreassen som teiknar. Som ein kan venta når Nils Nordberg skriv, er Vangsgutane ute for dramatiske hendingar og hardbarka kjeltringar. Mor deira, Sigrid Vangen vert sjuk og må ha penicillin. Uver hindrar rutebåten å nå fram med medisinen, så Vangsgutane lyt ta seg fram på landevegen i uveret. Der råkar dei på to kriminelle karar som vil kidnappa sonedotra til storbonden Halstein Breiset. Slikt vert det spaning og dramatikk av.

Ein klassikar frå 1952 er også med, skriven av Leif Halse og teikna av Jens R. Nilssen. Det er tømmerhogst i Breisetskogen og ei nyvinning, ein traktor, kjem til hjelp. Sidan veret det tømmerfløyting nedover elva, ikkje utan dramatikk.

Ingeniør Knut Berg 2016.
Forlaget vil gje ut alle ingeniør Knut Berg-hefta i opptrykk.
No står nr 4 - 1946 for tur.

Heftet er opptrykk av hefte nummer 4 frå 1946, med tekst av Vigleik Vikli (Hallvard Sandnes) og teikning av Ronald Stone (Jostein Øvrelid). Knut Berg, prinsesse Aima og munken Tala helt fram ferda gjennom jungel, sletter og fjell på jakt etter Den blåe diamanten og mot landet Kalimanko. Dei møter mange fårer og hindringar. Til sist hamnar dei på ei sydhavsøy, tekne til fangar av ein vill, lokal stamme. Medisinmannen vil ha dei i grytene sine.

 
 
 
Vangsgutane mellom stive permar - Vangsgutane er eit storverk i norsk populærlitteratur skriv Nils Nordberg i føreordet til boka.
 
Den fjerde boka med teikneserien om Vangsgutane, fortald av Leif Halse og teikna av Jens R. Nilssen, er no komen.
Sjå omtale på høgre side.
 
Vangsgutane - ein kort historikk:
 
Vangsgutane såg dagens lys i Nynorsk Vekeblad nr.17 den 5.oktober 1940. Året etter kom første juleheftet med opptrykk av seriane frå Vekebladet.
 
Ny forteljar:

NILS NORDBERG
 
Ny teiknar:

IVAN ANDREASSEN
MINE FØRSTE TUSEN ORD
Bestseljar. No 5. opplaget.
 
Boka Mine første tusen ord opnar for svært mange måtar å lære seg språk på. Boka høver difor godt for born som skal lære seg bokstavar og sine første ord. Den høver også godt som biletbok med illustrasjonar fulle av detaljar. Boka vert også mykje brukt i norskopplæringa for framandspråklege.
 
Boka er å få både på nynorsk , bokmål og på
tre samiske språk; nordsamisk, sørsamisk og lulesamisk.
 
 
 
MINE FØRSTE HUNDRE ORD
Boka for de aller minste. 2. opplaget
 
Mine hundre første ord  vil begeistre og oppmuntre barn til å lære og lese sine første ord. Boka har klare og fargerike bilder. Den passer for småbarn som begynner å snakke, og for barn som vil lære å lese. Hundre ting er navngitt og plassert i store og detaljerte bilder. På bildene finnes også mange ting som ikke er navngitt. Bildene viser situasjoner man kan snakke om, og hendelser man kjenner igjen. En liten gul and gjemmer seg i alle bildene.
 
Bokmål.
 
I BARNEFLOKKEN
av Anders Hovden med teikningar av Jens R. Nilssen
Under ei lagerrydding vart det funne eit lite restopplag av den kjende barneboka frå 1945. Boka inneheld mange små forteljingar, med mange vakre illustrasjonar av målaren og meisterteiknaren Jens R. Nilssen. Mange av oss som har levd ei stund vil nok hugse boka frå vår eigen barndom og oppvekst. Boka kan tingast frå Fonna Forlag, Postboks 6912 %96 St. Olavs pl.,0130 Oslo eller  på e-post : post@fonna.no
 
 
THE BOYS FROM VANGEN
Vangsgutane på engelsk
Vangsgutane i engelsk utgåve. Boka inneheld dei første forteljingane om Vangsgutane med teikningar på den eine sida og engelsk tekst på motsett side. Boka er gjeven ut i samarbeid med dei amerikanske forlaget Astrid my Astrid. Ei gåvebok til slekt og vener i engelsktalande land.
 
TILFELDIGHETENES SPILL
av Aleksandra Marinina
Post-kommunistisk kriminalroman av den russiske krimdronninga Aleksandra Marinina
 
Bokmål.
 
TIDER SKAL KOMME
av Oddvør Johansen
omsett av Lars Moa
Ei krønike frå Færøyane. Boka skildrar livet og lagnaden åt fleire familiar og menneske frå hundreårsskiftet og fram til andre verdskrigen. Boka vart innstilt til Nordisk Råds litteraturpris 2001.

Nynorsk
I morgon er atter ein dag

av Oddvør Johansen

Innstilt til Nordisk råds litteraturpris 2001


 
Oddvør Oddvør Johansen,  f. 1941 i Tórshavn. Organist og forfattar. Bur i Tórshavn. Debuterte som forfattar i  1982 med romanen Livsins summar. Fleire bøker følgde. I 1998 kom romanen Í morgin er aftur ein dagur.  Denne romanen vart i 2001 innstilt til Nordisk råds litteraturpris. Oddvør Johansen har gjeve ut ei rekkje bøker; romanar, novellesamlingar og barnebøker.  Oddvør Johansen er ein av dei første kvinnelege forfattarane på Færøyane og har rydda rom for dei kvinnene som  følgde etter. Ho er ein av dei mest populære forfattarane på Færøyane og har fått fleire litteraturprisar for bøkene sine.
 
I morgon er atter ein dag er ein historisk roman som skildrar utviklinga av det moderne Færøyane fram til andre verdskrigen. Romanen fortel ikkje om ein enkelt person, men rører seg mellom mange klassar og miljø.  Dei  politiske og sosiale motsetningane er sentrale. Vi ser samfunnet gjennom augo til presten,  embetsmannen,  storbonden,  kunstnaren og  vanlege arbeidsfolk. Sentralt står også dei sterke skildringane av kvinneliv.   Forfattaren fortel  med humor, innleving og eit varmt hjarte om kjærleik i mogen alder,  om menneske med tiltak og skaparevne som vinn fram,  om dei som i staden finn trøyst i vekkingsrørslene eller alkoholen og om dei som  lyt gje opp fordi dei sosiale rammene er for tronge. Ved stranda ligg havet som gjev mat og arbeid, men også er vegen bort frå vonløyse og armod. Miljøet  og utviklinga på Færøyane i denne tidbolken er ikkje ulikt slik det var mange stader i Noreg på same tid.  Norske lesar vil difor lett kjenna seg att i boka.
 
To hovedtemaer i Oddvør Johansens forfatterskab er musik og erotik, både sammen og hver for sig, og begge optræder med største selvfølgelighed i denne [%85..]  roman.

Romanen er afvekslende og underholdende, og det er med vemod, at læseren efter sidste side lægger bogen fra sig.
Jógvan Isaksen, Norden
 
Fonna Forlag - e-post www.dform.no